Farge

Fire gründarar i Sunnhordland får stipend frå Sparebanken Vest

Atheno AS presenterte 29. juni vinnarane for 2011 av gründerstipend som skal stimulera til nye og innovative bedriftsetableringar i Sunnhordland og på Haugalandet.

Sparebanken Vest ved Visjon Vest har også i år sett av midlar som går til stipend til gründerar med kommersialiserbare forretningsidear. Stipendet blir forvalta av Atheno AS. Målet er at dette skal vera eit bidrag som kan stimulera til nye og innovative bedriftsetableringar i Sunnhordland/Haugalandet.

Kvart stipend som er på inntil kr 100.000, skal hjelpa gründeren med å kvalitetssikra og utvikla sin potensielle forretningsidé. 

Kriteria for stipendmidlane:

  • Ideen må ha nyskapande element i seg gjennom å representera nye produkt/tenester, nye produksjonsmetodar, nye bruksområde/marknadsområde, nye råvarer/halvfabrikata eller tilsvarande.
  • Det skal vektleggast positivt om ein idé er tufta på bærekraftige prinsipp og representerer noko ”verda treng”.
  • Idéen må vera meir enn etablering av eigen arbeidsplass.
  • Idéen må ha kommersielt vekstpotensial.
  • Det skal leggjast vekt på gründaren sine personlege eigenskapar og engasjement.
  • Tildeling skal kunngjerast i media saman med mottakar av stipendet.

Vinnarane av stipenda for 2011 vart:

Stage Studio v/Ola Stian Eriksen
Stage Studio er i dag eit 3D design- og visualiseringsfirma som leverer illustrasjonar og animasjonar for næringar som arkitektar, eigedomsutviklarar, arealplaleggjarar, interiørarkitektar, reklamebyrå og industri. 

No ønskjer selskapet å utvida tenestespekteret ved å ta i bruk sanntids-visualisering.  Dette gir kundane ein heilt unik måte å presentera produkta sine på ved at dei kan visast frå alle sider, utan at ein er låst fast til tidlegare bestemte kameraposisjoner som i illustrasjonar og animasjonar.  Det å fritt kunna gå rundt i ei leilighet  og sjå korleis den blir  når den er ferdig, eller å kunna snu og venda på eit produkt som t.d. eit kamera slik ein sjølv ønskjer, gir ein unik måte å oppleva nye produkt på.

Løysinga kan leverast som eit separat program på Windows eller MAC-baserte PC’ar, eller som ei løysing integrert i ei nettside.

Propio v/Anne-Marthe Dalseide
Produkt for reingjering av seismiske streamarar. Det er ikkje gode løysingar for det i dag, og av dei få patenta som fins, fungerer ingen tilfredsstillande. I tillegg er dei for kostbare. Reingjering vert stort sett utført manuelt. Problemet med groe på kablane, tvingar bransjen til unødig stor HMS-risiko, øydeleggingsrisiko på kostbart utstyr og store effektivitets- og kostnadstap.

Propio S-Cleaner er eit heilt nytt produkt. Det er 100% miljøvenleg i drift, krev ingen mekaniske eller kjemiske hjelpemidlar og er sjølvgåande frå den vert sett på kabelen til den vert plukka opp ved enden.

I tillegg til reingjeringseinheten, er det også planer om å utvikla eit produkt for påføring av kopar på streamarar for å hindra groing.  Dette produktet vil potensielt vera med på å skapa eit konsept og ei heilskapsrame rundt bekjemping av problemet med groe.

Oil Protection AS v/Ingmar Høgøy
Produktet er ei organisk oljelense som isolerer oljeforureining som ved uhell er sleppt ut i havet. Olja vert isolert ved at det vert sprøyta ein biopolymer over og rundt olje som flyt på sjøen. Polymerblandinga er ei viskøs væske som består av 98% ferskvatn og 2% polymer. 

Olja blir isolert i alle tre dimensjonar, på sidene, på undersida og oversida. Ved å sprøyta anna væske over polymeren, vert væska omdanna til ein fast plastisk film, ein polymerkapsel som omsluttar olja. Olja vert dermed isolert frå miljøet rundt, slik at den ikkje kjem i direkte kontakt med fugl, fisk eller andre organismar. Olja vil heller ikkje koma i direkte kontakt med strandsona.

Polymerkapslane som omsluttar olja kan takast opp med håv eller andre kjente metodar. Metoden er miljøvenleg og alle ingrediensane som vert nytta er spiselege og vert brotne ned i naturen utan skadelege nedbrytingsprodukt. Biopolymer som vert nytta er basert på tare eller skalldyr frå havet. “Løysinga på problem med forureining av havet, fins i havet!“ Metoden kan samanliknast med det me gjer med eige søppel – pakker det i pose som vert putta i søppelspannet. Forskjellen er berre at “søppelposen” må lagast på staden og tilpassast storleiken til mengda søppel.

Abelone Future Fishfarming v/Grete Rydningen Møgster
Abelone Future Fishfarming utviklar ein teknologisk metode med fokus på betring av fiskehelse for å kunna redusera lakselus, sjukdom og dødlighet. Teknologien vert tilpassa etter metodisk oppsett i høve til dei ulike livsstadier, med hensikt å optimalisera fisken sitt oppvekstmiljø som igjen vil gi ei betre fiskehelse.

Metoden involverer blant anna bruk av teknologi som påvirker eigenskapar i vatnet i ein mer organisert struktur.  Metoden betrar vasskvalitet, førebyggjer viskositet i vatnet, optimaliserer opptak av næringsstoff, mineralar og andre viktige komponentar frå vatnet – noko som er viktig for å optimalisera fiskehelsa.

Då vatnet er ei viktig kjelde i prosessen for fiskehelsebetring, vert den forventa ein betydeleg helseeffekt både i høve til å forebyggja sjukdom og død, men også i høve til lakselus. Teknologien er lett å bruka, montera, lite vedlikehold og arbeid for oppdretteren.

Avtal møte

Møt oss på telefon eller i banken

Avtal møte

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man-søn 07-23

Logg inn og chat

Skriv til oss

Vi svarer normalt innen 2 dager

Send e-post

Våre kontorer

Velkommen innom

Finn ditt kontor