Farge

Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane

Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt - men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar.

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd har sett av tre millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidlig prosjektfase.

Målet til stiftinga

Ideen må ha potensial til å kunne verte noko meir enn ei einmannsbedrift. Målet er å gi gode idear ein sjanse til å utvikle seg gjennom:

  • Nyetableringar
  • Ny produksjonsmåte og/eller organisering
  • Å setje oppgåver og arbeidsoperasjonar inn i ein ny kontekst og skilje dei ut i sjølvstendige einingar
  • Verksemd som har potensial mot andre næringar eller nye marknader
  • Synergi gjennom aktivitet i møte mellom folk

Eksempel på aktivitetar som kan vera aktuelt å støtte er marknadsundersøkningar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsveiledning, utvikling av prototyper m.v (eksempla er ikkje uttømmande). Stiftinga vil i utgangspunktet ikkje støtte tap av arbeidsinntekt frå anna arbeid i ein oppstartsfase eller støtte til levekostnadar i ein oppstartfase.

Støtte til investering i fast eigedom, lausøyre, samt rein varehandel har låg prioritet ved tildeling frå stiftinga.

Det skal kunne investerast midlar i tiltak som gir økonomisk avkastning, men eventuell avkastning skal førast attende til stiftinga og nyttast til ny næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Kjerneverksemd

  • Maritim næring
  • Industri
  • Havbruk
  • Reiseliv
  • Kompetansekrevjande næringar
  • Forretningsmessig tenesteyting

Slik går du fram for å søkje om midler

Har du ein forretningsidé - beskriv ideen

  • Kva produkt/teneste skal produserast
  • Til kven; dvs beskriv marknaden og kunden
  • Kvifor innebær dette ei utvikling for næringslivet i Sogn og Fjordane
  • Kva vurderer ein som den største utfordringa i forhold til å realisere forretningsideen

Økonomi - kostnader og finansiering

  • Kva skal pengane brukast til
  • Kva er ynskjeleg resultat
  • Kva anna finansiering vert vurdert

Potensial

  • Synleggjere utviklingspotensial i produktet/tenesta

Framdriftsplan

Søkjar sin bakgrunn og personalia

Lokalisering/adresse til søkjar samt forretningsadresse

Ynskjer du å arrangere temasamlingar, samarbeidsprosjekt, kunnskapsdeling, o.l.

  • Beskriv tiltaket
  • Kvifor er dette viktig for Sogn og Fjordane
  • Målgruppe – kven ynskjer du skal delta
  • Innhald/dagsorden
  • Potensial: Mål for/ynskjeleg resultat av temasamling, samarbeidsprosjekt, kunnskapsdeling
  • Praktisk gjennomføring
  • Ansvarlege arrangørar – kven er dei

Bedrifter som er komne over startfasen kan og søkje, men her må spesielle omsyn komme til vurdering og ideen for ytterlegare næringsutvikling må vera spesiell. Dette fordi denne type bedrifter normalt kan søkje finansiering eller støtte frå andre kjelder. Personlege eigenskapar til søkjar spelar ei rolle i høve nyetableringar, og det må vere rimeleg grad av sannsynlegheit for at ideen kan gjennomførast. Personvurdering er difor eit av fleire kriteriar som inngår i vurderinga av søknaden. 

Søkjar skal ha fast adresse i Sogn og Fjordane fylke eller har konkrete flytteplanar. 

Stiftinga har rett til å gjere kjent tilskotet/ytinga i media i smaråd med mottakar. 

Handsaming av søknader

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane handsamar søknader. Styret i stiftinga tildel midlar etter innstilling frå Kunnskapsparken. Styret har møte ein gong i kvartalet. Søknadsfrist for å kome til vurdering i eit styremøte er normalt tre veker før møtedato. Styret i Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane består av ei rekke høgt kvalifiserte personar i privat og offentleg sektor i Sogn og Fjordane.

Styremøter 2017:

20. april 2017 med søknadsfrist 13. mars 2017

Tildeling

Tildeling kan vera inntil kr 300.000 per prosjekt. Det er mogleg å få tildeling fleire gonger. Utdeling kan gjerast i fleire omgangar. Dette for eventuelt å sjå til at midlar vert nytta i tråd med søknad. For søkjarar som får stønad med atterhald om flytting til Sogn og Fjordane, kan det verte stilt vilkår til utbetaling eller krav om eventuell tilbakebetaling om ikkje flytting vert gjennomført.

Skriftleg søknad sendast

Sparebanken Vests Næringsstifting for Sogn og Fjordane
c/o Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane:
Jøril Hovland | Tel: 482 19 780 | Epost: joeril@kpsf.no

Snakk med oss - 05555

Åpent man-søn 07-23.

Ring meg

Stikk innom

Skriv til oss

Send oss en e-post.

Send e-post