Hopp til hovedinnholdet
Bli kunde
Siren Sundland

Women in tech

Bli med på vinterens viktigaste læringsarena

Den som pregar teknologien, pregar framtida. Er du kvinne og jobbar med teknologi på Vestlandet?
Då kan du få skreddarsydd og inspirerande leiartrening i regi av Sparebanken Vest.
Søknadsfristen er utgått.

Women in Tech er eit initiativ frå Agenda Vestlandet, med målsetting om å sikre fleire, kvinnelege leiarar på teknologifeltet. Næringslivet på Vestlandet opplever allereie at tilgangen til teknologar er krevjande, og det langsiktige målet er at langt fleire jenter skal velje ei utdanning innan teknologi.

Eitt viktig grep er å auke frekvensen av førebilete som jentene kan identifisere seg med: Fleire kvinnelege, synlege leiarar på teknologifeltet. Difor hentar vi inn dei sterkaste, faglege ressursane i vårt nettverk til å dele av sine erfaringer.

Målet for kurset er at du som deltakar skal få fleire verktøy for å styrke dine ferdigheiter når det gjeld strategisk historieforteljing  og gjennomslagskraft. Samlingene vil gje deg fagleg påfyll, praktisk trening og eit nettverk av andre, kunnskapsrike teknologar.   

Målet for kurset er at du som deltakar skal få fleire verktøy for å styrke dine ferdigheiter når det gjeld strategisk historieforteljing og gjennomslagskraft.
- Siren Sundland, Konserndirektør i Sparebanken Vest / Styreleiar Agenda Vestlandet.

Kurshaldar

Sarah Cartwright er ein Executive Coach busett i London, men med oppdrag for større selskaper over heile verda. Kundelista hennar inkluderer BBC, Louis Vuitton, Nissan, Goldman Sachs, Barclays og Microsoft.  Cartwright er ein av grunnleggarane av Verve Women, ein organisasjon som set søkelys på kvinnelege leiarar innan teknologi.  
Sarah Cartwright
Kursholder: Sarah Cartwright

Deltakarane får

  • Individuell coaching av ein internasjonal kapasitet som Sarah Cartwright 

  • Utvida perspektiv på rolla som leiar på  teknologifeltet 

  • Trening på å styrke sin posisjon og si gjennomslagskraft som leiar   

  • Rom for å reflektere rundt eigen motivasjon og eigne styrkar 

  • Eit større nettverk av andre, kunnskapsrike kvinner som satsar i teknologibransjen 

Kven er kurset for?  

Kvinner mellom 30-45 år på Vestlandet som jobbar innan teknologi. Som er, eller har ambisjoner om å vere leiar.

Generell informasjon 

Workshop gruppe 1: 22-23 november  
Inkludert middag etter workshop dag 1 

Workshop gruppe 2: 29-30 november  
Inkludert middag etter workshop dag 1 

  • Samlingar med oppmøte: 2 dagar  

  • Samlingar digitalt: 4  

  • Antall deltakarar: Inntil 12 per kull. Det vert to kull.  

  • Søknadsfrist: 15. oktober 2022.  

  • Varigheit: 6 månader - eit digitalt kurs i månaden.  

  • Stad: Jonsvoll ( 2 dagar) , og digitalt ( 6 gongar) 

  • Deltakaravgift: Gratis