
Vestlandskonferansen 2020
Vestlandskonferansen har utvikla seg til å bli ein viktig, vestnorsk møteplass som samlar over 1500 deltakarar frå næringslivet, frå offentleg sektor, studentar og frå utdanningsinstitusjonane i regionen.
Årets konferanse har tittelen Det Største Skiftet og handlar om korleis vi kan skape heile 200 000 nye arbeidsplassar fram mot 2035, som opptrapping for å nå verdas klimamål.
Vi skal følgje vestnorske selskap på deira reise til Asia, og vi skal vise Det Største Skiftet sett frå Shenzhen: Det kinesiske svaret på Silicon Valley.
Vårt mål er at heile Vestlandsregionen skal vere godt representert i Grieghallen.
Vi ønskjer å samle menneske som er engasjerte i diskusjonen om korleis vi kan skape nye industrieventyr på Vestlandet. I februar i fjor møtte over 1500 deltakarar til Vestlandskonferansen. Energien i den fullsette salen gjorde inntrykk på alle oss som var der, og engasjementet rundt Vestlandsmeldinga har skapt nye prosjekt og partnarskap.
Årets konferanse legg fram eit nytt kapittel i Vestlandsmeldinga, og målet ligg fast:
Vi skal knekke Vestlandskoden, saman.
For når alt kjem til alt:
Det Største Skiftet er oss!
Klarar vi å halde rett fokus, når det gjeld som mest?
www.vestlandskonferansen.no