Hopp til hovedinnholdet
kaupang-forsidebilde-1040x466

Kaupanger idrettslag

Endeleg tak over hovudet

Heile regionen vinn når det kjem idrettshall på vesle Kaupanger i Sogn. Med solid støtte frå Sparebanken Vest kan det skje allereie innan nyttår.

Kaupanger Idrettslag (KIL) og Sparebanken Vest fekk til den perfekte overraskinga ein torsdag ettermiddag i midten av april. Det blei både «julekvelden på kjerringa» og «lyn frå klar himmel» på éin og same gong. 


KIL inviterte breiddeidretten og bygdfolket til samling med pizza på ViteMeir-senteret på Kaupanger. Sparebanken Vest skulle presenterast som ny generalsponsor, og nye drakter skulle visast fram. Det var aldri tvil om at det ville komme mykje folk, men det kom fleire enn venta; nesten 400 barn og vaksne. Det var stinn brakke og god stemning. 


Heilt på tampen kom den store overraskinga: Ein sjekk på 5,6 millionar kroner frå Sparebanken Vest i støtte til bygging av idrettshall på Kaupanger, overrekt av banksjefane Jørgen Follevåg Mjelleli og Arild Sandvoll. 


— Det var heilt rått! Gåsehudfaktor! Vi fekk ståande applaus frå alle som var der, seier ein smørblid banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli og held fram: 

— Det viser kor viktig eit idrettslag er i lokalsamfunnet, og kor mykje det betyr. 


Idrettslaget på Kaupanger engasjerer mange familiar. 


— Vi i Sparebanken Vest vil vere med og støtte breidda i idretten og alt det som skjer rundt, ikkje minst innsatsen frå foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre som stiller på trening, kamp og cup. Desse dugnadskreftene skaper masse liv og røre i lokalsamfunnet, og dei fortener den draghjelpa dei kan få, seier banksjefen. 


Kaupanger idrettslag

Foto: Christian Blom

For heile regionen

Til og med han som hadde skrive og sendt søknaden på vegne av prosjektgruppa, Tor Arne Ness, blei tatt på senga. 


— Eg hadde fått vite at Sparebanken Vest ville gi oss støtte, men eg hadde aldri trudd at ho skulle vere så stor. Eg vart både overraska og letta. No har vi midlar til å setje i gang, og vi har eit hårete mål om å få opp hallen innan nyttår, seier Ness. 


Det er snakk om ein modulhall som skal ligge på den eine kunstgrasbana på Kvernhushaugen. Den 40 x 84 meter store hallen vil romme innandørs fotballbane, padelbaner, BMX- og skatepark.


Behovet for innandørsareal er stort. Elevtalet er veksande, og aktivitetsnivået i idrettslaget er høgt. Då kjem ein ikkje langt med berre éin knøttliten gymsal på skulen, spesielt vinterstid. 


— Hallen blir viktig for heile regionen. Den vil dekke behovet for innandørsareal for barn og unge som driv med tradisjonell ballsport, og i tillegg vil den styrke og vere eit supplement til tilbodet som allereie er her, seier Tor Arne Ness. 


Då tenker han mellom anna på studentmiljøet i Sogndal ti minutt unna. Per i dag må ein til Bergen eller Voss for å finne innandørs padelbane i Vestland fylke. No kjem Kaupanger på kartet. 



Eit lokalsamfunn i utvikling

— Fleire ting drog i lag og gjorde dette til tidenes avspark på sesongen, seier Bjarte Ramstad, leiar i KIL. 


— At vi har fått ViteMeir-senteret på Kaupanger gjer at vi har fasilitetar til å samle så mange på ein gong. Det er spesielt kjekt sidan Kaupanger har stor tilflytting av småbarnsfamiliar, og dei ville vi nå med informasjon om kva idrettslaget driv på med, seier Ramstad. 


Historisk har Kaupanger vore god på idrettsanlegg, mellom anna med tre fullskala fotballbaner, noko som langt overgår innbyggartalet. 


— I dei seinare åra har vi også blitt gode på uorganisert aktivitet. Med frisbeegolf, stampebane (pumptrack), tuftepark og sykkelbaner i skogen har vi noko for alle aldrar. At vi no også får eit eige anlegg under tak er ekstremt viktig. Utan støtta frå Sparebanken Vest hadde vi aldri fått det til. Sparebanken Vest viser at dei tar barn og unge – og heile familien – på alvor, seier Ramstad. 



Tar spaden i eigne hender 

På Kaupanger sit ein ikkje og ventar på at alle behov skal dekkast av andre. Allereie dagen etter gåveoverrekkinga gjekk dugnadsgjengen i gang. Fire gravemaskiner og to traktorar, samt ein bråte med folk, var i sving heile helga. 


— Det fortel om ei bygd som står samla: Idrettslaget, næringslivet og lokalsamfunnet. I lag kan ein få til mykje. Litt risiko er det jo å setje i gang eit stort prosjekt som dette, men risikoen vert vesentleg mindre med denne rause støtte frå Sparebanken Vest, seier Tor Arne Ness.