Hopp til hovedinnholdet
Teater Vestland jubler over jubileumsgave

Jubileumsgåve til vestnorsk teaterkultur

Sparebanken Vest deler ut ei jubileumsgåve på fem millionar kroner til Teater Vestland i Førde. – De anar ikkje kor glade vi er og kor viktig dette er for teateret og kulturlivet i Førde og på Vestlandet, seier styreleiar Rasmus Mo i Teater Vestland. 

Teater Vestland skal nytte midlane til teknisk utstyr som skal stå permanent i teatersalane i det splitter nye Nynorskhuset i Førde, der teateret flyttar inn. Det vil skapa eit betre kulturtilbod for innbyggjarane i Førde og Sunnfjord.


Anerkjenning

Dei tilsette ved teateret er begeistra over tildelinga og ser fram jutil å få meir kapasitet til å utvikle teateret og skape meir aktivitet. 

— Folk flest veit nok kva teater er, men det er ikkje sikkert at alle veit korleis teater blir produsert og alt som ligg bak, så det er fantastisk flott å få denne anerkjenninga frå banken, seier inspisient og rekvisitør Reidun Støfring.

Ho håpar at gåva, saman med innflytting i nye lokale, gjer at teateret vert ein større del av samfunnet og bybiletet i Førde.


Teater Vestland mottar gave fra Sparebanken Vest

GLADE: Teaterdirektør Margunn Grytten Selvik, teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og inspisient og rekvisitør Reidun Støfring. FOTO: Teater Vestland

Skapar aktivitet

Teater Vestland har alltid hatt tilhald i Førdehuset. No får byen eit moderne teaterbygg med to teatersalar, restaurant og møteplass i det nye Nynorskhuset. Der vil teateret få tre scener, der det tekniske utstyret vil stå permanent til disposisjon for andre kulturaktivitetar når teateret er på reise.

– ¬Mesteparten av aktiviteten vår skjer på turné i fylket. Då tek vi vanlegvis med oss det meste av teknisk utstyr. Takka vere gåva frå Sparebanken Vest kan vi no også ha eit kontinuerleg tilbod i Førde samstundes som vi er på turné, seier styreleiar Rasmus Mo.
Noko for alle


Støtta frå Sparebanken Vest skal også bidra til å opprette ei ny stilling der ein skal jobbe med teateret si ungdomssatsing. 

– Denne personen skal jobbe med å skape attraktive tilbod for ungdom, men også knyte seg til andre frivillige miljø i Sunnfjord slik at vi kan bidra med fagleg kunnskap. På denne måten håpar vi å styrke amatørteatermiljøa som allereie finst i regionen. Målet er ein fast teaterskole for både dei som vil utforske å stå på ei scene, og dei som vil lære meir om det tekniske, seier teaterdirektør Margunn Grytten Selvik. 

 

Ansatte i Teater Vestland jubler over jubileumsgave

JUBEL: Teater Vestland jublar over jubileumsgåva frå Sparebanken Vest. No skal dei utvikle eit større tilbod til ungdom.  FOTO: Teater Vestland

Samspel

For teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt er satsinga på amatørteater for ungdom og vaksne eit hjartebarn.

– Det er heilt fantastisk at vi får moglegheita til å starte dette opp no. Denne tildelinga gjer det mogeleg å få på plass eit stort ungdomsprosjekt som vi har hatt på ønskjelista i fleire år, seier ho.

Ho trekkjer frem det viktige samspelet mellom menneska i ein teaterproduksjon. 

– Teater vert til ved at vi kjem saman. Nokon har ansvar for lys og lyd, andre vil snekre og lage kostyme. Det du ser som publikummar, er berre 30 %, mens dei usynlege 70 % er alle som jobbar bak – og som har jobba lenge for å skape heilskaplege teateropplevingar, seier Cecilie.

 

Utviklingsmiljø

I Nynorskhuset vil Teater Vestland flytte inn saman med mellom anna NRK Vestland, Firda, Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter. Samlokaliseringa av medieverksemder og kulturinstitusjonar vil kunne skape eit utviklingsmiljø og moglegheiter for nye uttrykk og samarbeid i Førde. 

– Nynorskhuset har synergiar for Førde og bygdene rundt. Det betyr mykje å skape ein arena for utvikling. Skal du lære om det nynorske språket, er Førde førsteval no, seier Rasmus.


Teater Vestland mottar gave fra Sparebanken Vest

SISTE INNSPURT: Overrekkelsen av gåva var på det nye nynorskhuset der dei held på med det aller siste før opning. FOTO: Teater Vestland

Både teatersjefen og direktøren håpar at nynorskhuset også vil bidra til å skape eit sterkare fellesskap for fagleg utvikling, og håpar på ein klyngeeffekt. 

– Vi håpar at fellesskapet bidreg til å nå lenger ut. Vi vert meir sentrale og får ein sterkare stemme til å rope over fjellet. Å setje kreative hovud saman har vi stor tro på at skal bere frukter, seier Margunn.


Nøkkelbrikke

Banksjef Jørgen Føllevåg Mjelleli i Sparebanken Vest i Førde er stolt over å jobbe hos ein arbeidsgjevar som har moglegheit til å støtte gode initiativ i lokalsamfunnet. Han meiner teateret er ein nøkkelbrikke for å skape eit sterkt kultursenter i Førde.

– Vi jobbar kvar dag for å skape ein bank for vestlendingane, for lokalsamfunnet og for framtida. Teateret har riggen, menneska og kompetansen til å skape eit kultursenter. Dei manglar berre ressursane, og difor er det utruleg kjekt at vi kan bidra med denne gåva, seier Jørgen. 

Banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli deler ut jubileumsgave til Teater Vestland

OVERRASKA: Banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli og regiondirektør Arild Sandvoll i Sparebanken Vest overraska Teater Vestland med ei jubileumsgåve på 5 millionar. FOTO: Teater Vestland