
Ein julegåve med meining
Musikkterapeutane på Haukeland, Leger utan grenser og Mental Helse Ungdom er blant mottakarane når tilsette i Sparebanken Vest får dele ut sin julegåve frå banken på 2.5 millionar kroner.
Sparebanken Vest, Eiendomsmegler Vest og Bulder har dei siste sju åra hatt ein juletradisjon som er kjær for mange tilsette. I staden for at dei tilsette får ein gåve frå arbeidsgivaren, har dei ein adventskalender der kvar tilsett får gi 5000 kroner til eit velgjerdsformål.
Dei tilsette får velje
Formåla har dei moglegheit til å plukke ut sjølve. Kvar morgon i desember fram til julaftan, kan dei tilsette sjå ein video der ein kollega presenterer ein organisasjon som dei brenn for og kvifor dei ønsker å støtte denne.
Når alle dei 23 lukene med dei 23 ulike formåla er opna, står valet fritt.
– I 2023 blir det delt ut nesten 2,5 millionar, og totalt 23 gode formål kan no gle seg over å få ei forseinka julegåve, seier Giske Eggen, ansvarleg for samfunnsansvar i Sparebanken Vest og legger til:
– Den indre entusiasmen blant dei tilsette er stor, og mange ønskjer å bidra til å gjere ein positiv forskjell, seier Giske Eggen

TRADISJON: Sidan 2017 har tilsette i Sparebanken Vest gitt sin julegåve til organisasjonar som dei brenn litt ekstra for. Giske Eggen og Morten Oehme er klar til å overrekke ei av gåvene.
Delte ut midlar til Musikkterapeutane
Blant dei som nominerte si hjartesak er Morten Oehme, leiar for Kapitalforvaltning. I januar delta han ut goven til organisasjonen som han hadde nominert, nemleg musikkterapeutane på Haukeland sjukehus.
Til saman var det 57 tilsette som gav sin gåve til dei, og dei ble dermed overraska med 285.000 kroner.
– Julekalenderen er eit heilt supert initiativ som gir meg sjansen til å både nominere og gi pengar til nokon som treng det meir enn meg, seier Morten.
«Hjertesang» på Haukeland
Merethe Wolf Lindvall er musikkterapeut på Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus, og jobbar dagleg med barn og unge som er innlagd her. Eit av prosjekta ho er mest engasjert i for tida vert kalla Hjertesang.
Hjertesang er eit tilbod til barn og unge med alvorleg eller livstruande sjukdom og familiane deira. Det vert òg tilbydd til familiar som har fått sjuke nyfødde eller ekstremt prematurfødte barn på nyfødd intensiv.

OVERRASKA: Merethe Wolf Lindvall blir overraska av Morten Oehme med ein forseinka julegåve på 285.000 kronar.
– Ved hjelp av eit digitalt stetoskop speler vi inn barnet sitt hjarteslag som vi vidare omarbeider i eit musikkprogram. Saman med familien lagar vi ein personleg song der hjarteslaga står for den stødige rytmen i musikken. Songen får dei med seg på vegen vidare, seier Merethe.
Merethe har jobba med prosjektet i over to år. Gåva frå dei tilsette i Sparebanken Vest gir dei moglegheit til å vidareutvikle prosjektet enda meir.
– Denne gåva inneber at eg kan engasjere den faste samarbeidspartnaren min i prosjektet, Jens Erik Aasmundseth, på fast basis to dagar i veka. I tillegg skal vi byggje opp eit musikkstudio på sjukehuset, slik at vi kan jobbe enda tettare med familiane, seier Merethe.
Sjå alle 23 mottakarane her
Leger uten grenser 240.000,-
Mental Helse Ungdom Bergen 250.000,-
Hjelpegruppa Ålesund 55.000,-
LEVE Sogn og Fjordane 110.000,-
Familiestøtten Bergen 135.000,-
Fri fra vold 95.000,-
Ung Kreft Rogaland 135.000,-
Kveldsvakten 85.000,-
Foreningen for hjertesjuke barn - Hordaland 135.000,-
Ett slag av gangen 50.000,-
Musikaljentene 50.000,-
Musikkterapeutene Haukeland Barneklinikken 285.000,-
Åpen Zone treffsted i Haugesund 115.000,-
Markus-løpet 90.000,-
Ung Arena Bjørnafjorden 90.000,-
Voksne for barn Indre Nordfjord 50.000,-
Femti-71 200.000,-
Fremtidshavet 95.000,-
Huset Bergen 90.000,-
Stiftelsen Barnas Fysioterapisenter 75.000,-
Sykehusklovnene 230.000,-
Ønsketransporten 60.000,-
Plan Norge 285.000,-