
saman gjennom 200 år
Draumen om ishall vert verkeleg
Stord Idrettslag fekk nyleg ei jubileumsgåve på ti millionar kroner frå Sparebanken Vest.
Av:
Marthe Berg-Olsen,Kommunikasjonsrådgiver
Pengane skal gå til å realisera ein gammal draum, nemleg ei ny innandørs skøytebane på Vikahaugane ved Leirvik.
– Dette vert ein flott arena for alle som er interesserte i aktivitetar på is, anten det er hurtigløp, ishockey, bandy, kunstløp eller curling. Det skal verte ein sosial arena for alle i Sunnhordland, kor det også vil vere rom for større arrangement og konsertar, seier Roy-Sverre Amundsen som er styreleiar i idrettslaget.

FORNØGD: Styreleiar i Stord Idrettslag Roy-Sverre Amundsen tek imot jubileumsgåva frå Simen L. Aarskog i Sparebanken Vest.
I Storelid sine fotspor
Den noverande 250 meters utandørs kunstisbana på Vikahaugane vart opna i 2001. Tallause sunnhordlendingar har hatt glede av anlegget, og det har fostra mange talent i kjølvatnet av Stord sin store skøytehelt, Kjell Storelid – han som vann to sølvmedaljar på Lillehammer i 1994.
Den nye hallen, som førebels kallast Vika Arena, vert bygd oppå den eksisterande bana. Prosjektet er enno ikkje fullfinansiert, men håpet er at støtta frå Sparebanken Vest vil vere tunga på vektskåla.
Amundsen ser eit stort potensial i ein idrettsarena som kan nyttast året rundt og som vil vere unik i nasjonal samanheng.
– Det å kunne trena uavhengig av vêr og vind har alt å seie. Det vil bidra til stor rekruttering for mange ulike idrettar.

VIKAHAUGANE: Her skal den nye ishallen stå. Medan dagens isbane på er utandørs, vil den nye ishallen kunna brukast året rundt uavhengig av vêr og vind.
Ei ny storstue
– Dette er eit godt gjennomarbeida prosjekt som bidreg til å fremja idrettsglede på Stord og i heile regionen, ikkje berre for idrettsfolk, men for allmenta, seier Arve Havnerås, leiar for Sparebanken Vest sine kontor i Fitjar og på Leirvik.
Han legg vekt på at hallen også vil kunne nyttast til mange ulike arrangement utover skøytesport.
– Det vert ei ny storstue som vil bidra til å gjere området meir attraktivt for både næringsliv og folk flest.
Betydeleg pengegåve
Også Simen L. Aarskog, konserndirektør for privatmarknad i region sør i Sparebanken Vest, poengterer at hallen skal koma heile distriktet til gode og at det er mange ulike brukargrupper.
– Gåver av denne storleiken er uvanleg, men vi har valt å slå litt ekstra på stortromma i jubileumsåret. Ein viktig premiss for å ta imot støtte er at ein evnar å gå frå ord til handling. No får vi moglegheit til å følgja opp og sikra at planane vert ein realitet gjennom å skaffe til vegs dei midla som trengst for å koma i mål.
Sparebanken Vest har lenge vore ein støttespelar og hovudsponsor for Stord Idrettslag, uavhengig av denne gåva.
– Men vi støttar også mange andre lag og foreiningar i regionen, og vi bidreg der kor folk har gode prosjekt, seier Aarskog.

IMPONERANDE: Slik skal Vika Arena sjå ut når bygginga etter planen er ferdig mot slutten av 2024. FOTO: JK ARKITEKTUR
Lågterskeltilbod
– Verdigrunnlaget vårt harmonerer godt med det Sparebanken Vest står for. Vi skal laga lågterskeltilbod og syte for god breidde i aktivitetar for born og ungdom, og deltakinga skal ikkje vere avhengig av foreldra sin økonomi, seier Stord-leiar Amundsen, som håpar på byggjestart ved årsskiftet og at arenaen vil stå klar til skøytesesongen 2024–2025.
Han presiserer at namnet på ishallen ikkje er bekrefta og at dei moglegvis må arrangera ein namnekonkurranse.
– Men arbeidstittelen «Vika Arena» er ikkje tilfeldig. Ungdommen seier ikkje Vikahaugen, men Vika; det er noko vi høyrer kvar einaste dag.

NOKO FOR ALLE: Arenaen skal tilby ein kombinasjon av breidde og topp. Her skal det vera plass for mange ulike idrettar og ikkje minst: leik på is.
Omfattande spleiselag
Staten, fylkeskommunen, Stord kommune og Stord Idrettslag er allereie med på spleiselaget, med totalt 67 av 86 millionar kroner. Fullfinansiering er avhengig av støtte frå lokalt næringsliv og lokale stiftingar.
Gaute Epland, ordførar i Stord kommune, ser fram til å få ein inkluderande møteplass og fellesskapsarena for folk i distriktet, og han set pris på støtta frå Sparebanken Vest.
– Vi er veldig glad og takknemleg for gåva på ti millionar. Den gjer at eg er trygg på at dette prosjektet, som starta i 2008, endeleg vert realisert.
Støtte til allmennyttige føremål
• Sparebanken Vest har bidrege til vekst på Vestlandet i 200 år.
• Sparebanken Vest nyttar deler av overskotet til å realisera små og store prosjekt. Målet er å bidra til at livet på Vestlandet vert enda litt betre.
• Det handlar om å skapa trygge, inkluderande lokalsamfunn gjennom tre sentrale innsatsområde: kampen mot utanforskap, å sikra endringskapasitet i det grøne skiftet og å sikra levande lokalmiljø.
• I år blir det delt ut 301 millionar i gåvemiddel, i tillegg til 580 millionar i kundeutbyte.
