Hopp til hovedinnholdet
IMG_3025

– Dette er ein historisk dag for Fosse-stiftinga 

Fosse-stiftinga får eit samla løft på 85 millionar kroner til etableringa av eit nasjonalt senter for nobelprisvinnaren Jon Fosse i Strandebarm. 

Bak gåva står Sparebanken Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge, Vest, Hardangerstiftinga og næringslivsleiaren Trond Mohn.
 

– Dette er ein historisk dag for Fosse-stiftinga og alle som har arbeidd for å løfte fram forfattarskapen til Jon Fosse, seier styreleiar Valgerd Svarstad Haugland i Fosse-stiftinga.
 

Forfattar og dramatikar Jon Fosse (f. 1959) blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. Han er ein av dei mest spela nolevande dramatikarne i verda, og verka hans er omsett frå nynorsk til meir enn 50 språk. Det planlagde senteret skal byggjast i heimbygda til forfattaren, Strandebarm i Kvam.
 

– Vi er heilt avhengige av støtte frå andre bidragsytarar enn staten, fylket og kommunen for å realisere planane for Fosse-senteret. Denne gåva inspirerer oss og gir oss frimod til å utfordre andre som kanskje kan tenkje seg å støtte oss, seier Svarstad Haugland.
 

Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge Vest og Hardangerstiftinga bidreg med 25 millionar kroner kvar, medan Sparebanken Norge bidreg med 10 millionar kroner. Til saman utgjer dette 60 millionar kroner frå sparebankmiljøet. I tillegg bidreg næringslivsleiaren Trond Mohn med 25 millionar kroner og stiller tomt til disposisjon for prosjektet.
 

Samla heile Strandebarm

Tildelinga vart offentleggjord under eit arrangement i Strandebarm tysdag føremiddag, der representantar frå Fosse-stiftinga, gjevarane og lokalsamfunnet var til stades.
 

– Pengane vil gå til å byggje eit Fosse-senter slik vi drøymer at det skal vere; ikkje kjempestort, men det skal kunne romme ein internasjonal storleik som Fosse, seier Svarstad Haugland.
 

Planane omfattar mellom anna bibliotek, scene og formidlingsarenaer vigde til livet og forfattarskapen til Fosse. Ambisjonen er å ta imot både nasjonale og internasjonale gjester, og å leggje til rette for litterære arrangement, teateroppsetjingar og samarbeid med aktørar innan litteratur og scenekunst.
 

– Vi har ikkje mange nobelprisvinnarar her i landet. Det er 100 år sidan førre gong ein nordmann fekk prisen. No får vi høve til å skape eit levande senter der fleire kan oppdage og oppleve litteraturen til Fosse. Andre nobelprisvinnarar har fått sine sentre, men det er ekstra spesielt at nobelprisvinnaren lever medan senteret blir bygd og er ein aktiv og skapande forfattar i kulturen vår i dag, seier Svarstad Haugland. 
 

Betydning langt inn i framtida
 

Den samla prislappen for prosjektet er estimert til om lag 365 millionar kroner.
 

– Fosse-senteret er eit prosjekt med sterk lokal forankring, samstundes som det har stor nasjonal betydning. Det skal ta vare på og formidle ein av dei viktigaste forfattarskapane vi har, og gjere han tilgjengeleg for endå fleire. Dette er akkurat den typen prosjekt banken og stiftingane, som eg representerer, ønskjer å støtte, seier dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge Vest, Frank Johannesen.  
 

Sparebankmodellen gjer det mogleg for banken å gi delar av overskotet tilbake til samfunnet.  

– Då er det ekstra meiningsfullt å kunne støtte kunst- og kulturprosjekt som vil få betydning langt inn i framtida, seier Johannesen.
 

Sjølv om finansieringa no har fått eit betydeleg løft, står det framleis att arbeid før prosjektet er fullfinansiert.
 

– Vi har søkt om statlege midlar og er spente på handsaminga til regjeringa. Vi får ikkje svar før statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, seier Svarstad Haugland.
 

Eit felles løft for regionen

Ein av dei andre bidragsytarane i spleiselaget, Hardangerstiftinga, har hatt eit tett samarbeid med Fosse-stiftinga over fleire år. Mellom anna bidrog dei i fjor med eit par millionar kroner til eit forprosjekt for senteret.
 

– Då vi fekk høve til å vere med på dette spleiselaget, opplevde vi det som ei naturleg forlenging av arbeidet som har vorte gjort. Samstundes er det eit tydeleg signal til styresmakter og andre om at dette er noko vi har lyst til å få til i regionen, seier dagleg leiar i Hardangerstiftinga, Fredrik Fjose.
 

– Det er framleis tidleg i prosessen med tanke på alt som må vere på plass frå stat og fylke, driftsgaranti og så vidare, men det arbeidet vil vere lettare når denne gåva er på plass, seier han.
 

Om Fossestiftinga:  
 

Fosse-stiftinga skal ha til føremål å formidla kultur i Strandebarm og nærliggjande område ved å fremja interessa for scenekunst og litteratur generelt, og særleg Jon Fosse sin forfattarskap. Stiftinga vart etablert i 2013.