Hopp til hovedinnholdet
Jørgen Mjelleli

Ta kontakt med rådgivar

– Ingen spørsmål er for dumme

Økonomi er privat for mange og det er ikkje alt som er så enkelt å forstå heller. I Sparebanken Vest kan du få din eigen rådgivar som kan hjelpe, heilt gratis.

Av Marthe S. Berg-Olsen

– Eg trur at ein del vegrar seg for å ta kontakt med banken fordi dei skammar seg over at dei ikkje har kontroll på økonomien. Då kan eg forsikre om at vi har sett og høyrt alt før, ingen spørsmål er for dumme, og dessutan har vi sjølvsagt teieplikt, seier banksjef Jørgen Mjelleli. 


– Om du ser at du treng hjelp – ta kontakt så fort som mogleg. Det er lettare å finne gode tiltak på eit tidleg tidspunkt, enn når det nesten er for seint, legg han til. 

Ikkje sett føre seg at renta skulle stige så raskt

Dei siste to åra har Noregs Bank satt opp styringsrenta i alt 13 gonger. I september 2021 var styringsrenta 0, no er den 4,25 prosent. No begynner det å smerte for mange, fortel banksjefen i Førde, Florø og Sogndal.


– Eg høyrer folk seie at dette slettes ikkje er nokon høg rente historisk sett, men at renta no har nådd eit meir normalt nivå. Det er kanskje sant, men det hjelper fint lite når du slit med å få økonomien til å gå rundt, seier Jørgen.

Han trur folk flest ikkje hadde sett føre seg at renta skulle stige så raskt. 


– Når banken gir ut lån, er vi forplikta til å forsikre oss om at kunden kan tole ei rente som er tre prosentpoeng høgare enn den renta dei får. For dei som fekk lån i perioden då styringsrenta var rundt 0, var regelen fem prosent. Om du maksa det du kunne låne den gongen, er du der no, og det merker du nok godt på lommeboka, seier Jørgen. 

Anne-Grete Flo er Rådgiver i Sparebanken Vest i Sogndal

Vi hjelper deg med økonomiske råd

Trenger du råd om lån, sparing eller forsikring? Ta en uformell prat med oss, i banken, på telefon eller i et videomøte.

Dette lurar folk på no

For kundar som skal kjøpe bustad no, har fokuset snudd, fortel han:


– Tidlegare spurte alle om kor mykje dei kunne låne – altså maks lånebeløp. No er folk meir opptekne av kva dei faktisk klarar å betene. Dette er ein tydeleg tendens akkurat no, og er eit uttrykk for at mange er meir kostnadsbevisste.

Nokon vel å ikkje betale avdrag i korte periodar. Sjølv om trenden med avdragsfriheit har avtatt i 2023, har talet på kundar som har hatt avdragsfriheit meir enn dobla seg sidan før korona.


– Den vanlegaste årsaka er kortsiktige utfordringar i eigen økonomi. Dukkar det opp uventa utgifter, og ein ikkje har ein oppspart buffer som kan dekke ekstrakostnaden, kan avdragsfriheit vere ein god løysing, seier banksjefen.

Ein annan vanleg årsak er samlivsbrot. 


– Når du går igjennom samlivsbrot, treng du ofte litt tid til å få oversikt over situasjonen og vegen vidare. Då kan det passe å sleppe å betale avdrag i ein liten periode.

Jørgen Mjelleli

Jørgen Mjelleli, banksjef for kontora til Sparebanken Vest i Sogndal, Førde og Florø.

Ta kontakt med rådgivaren din

Banksjefen i Sogn og Fjordane trur at mange ikkje er klar over at dei faktisk kan få hjelp til å sette opp budsjett og få spareråd frå rådgivaren sin – heilt gratis.


– Det kjekkaste eg veit er å vere til nytte for ein kunde og sjå at den hjelpen han eller ho får faktisk betyr noko. Det er difor eg elskar jobben min, seier Jørgen.

 

Kva kan ein rådgivar hjelpe med? Få tips til korleis du kan førebu deg til rådgivarsamtalen.