Hopp til hovedinnholdet
Kjartan Grov logger inn i bedriftsappen

Bedriftsappen

Kjartan loggar inn i bedriftsappen til Sparebanken Vest på ein blunk: - Perfekt for meg som alltid er på farten

Sparebanken Vest har dei aller mest nøgde bedriftskundane i landet, og Kjartan Grov er ein av dei. Han klarer seg ikkje utan bedriftsappen.

– Det er dette eg likar aller best – å jobbe. Kjartan Grov ropar i larmen frå byggeplassen på Stord, der han jobbar.


Han begynte å klippe gras for naboane då han var åtte år. Som 13-åring oppretta han ein konto i Sparebanken Vest til pengane han fekk for klippinga.


– Dette er draumen min. Eg har ikkje angra eit sekund på at eg sa opp jobben den gongen for 17 år sidan for å starte for meg sjølv, seier Kjartan.


Loggar inn med ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk

Som dagleg leiar i Grov Grasklypp, med 3,5 årsverk, er han som regel alltid på farten. Det er ikkje dét at han ikkje likar kontorarbeid, men han likar seg aller best ute i felten der han driv med alt innan vaktmeistertenester.


– Med bedriftsappen til Sparebanken Vest kan eg sjekke at folk betalar for seg, og eg kan godkjenne rekningar på ein blunk. Det som eg tidlegare måtte tilbake på kontoret og PC-en for å fikse, måkar eg no enkelt av garde på 1-2-3, seier Kjartan.


Enklare å bruke

Han er svært fornøgd med at bedriftsappen har blitt endå enklare å bruke. Han var blant dei første bedriftskundane som fekk teste å logge inn i bedriftsapppen ved å bruke ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk.


– No slepp eg å hugse på passord og bruke BankID – eg treng berre å dra av den eine arbeidshansken og halde fingeren over knappen, seier Kjartan.

Kjartan

BEDRIFTSAPP: – Sjå der, ja. Der var pengane komne inn på konto. Stordabuen Kjartan Grov har drive eige vaktmeisterfirma i snart 16 år. Foto: Rune Skjærvold.

Sparebanken Vest har dei mest nøgde bedriftskundane

Kjartan har vore kunde i Sparebanken Vest i meir enn 30 år. Han kjenner seg som ein privilegert kunde.


– Utan at eg blir forskjellsbehandla eller noko, ler han.

Han er ikkje åleine – det viser resultata frå den ferskaste kundetilfredsheitsundersøkinga for banknæringa frå EPSI. 

Der tronar Sparebanken Vest på topp – dei har dei mest nøgde bedriftskundane i landet. 


I rapporten får dei skryt for særleg to ting: at dei er tett på kundane, og at bedriftsappen og dei digitale løysingane er så gode. 

Epsi

Grafikk: EPSI

Primus motor for Handballfestivalen på Stord

Ønske om å bidra til fellesskapen, er det som kjenneteiknar stordabuen Kjartan. Det gjeld både i arbeidslivet og på fritida.


– I bedrifta mi så tar eg inn dei som kanskje ikkje er heilt A4, folk som kanskje ikkje får jobb andre plassar. Hos meg blir dei skikkelege arbeidsfolk.

Han brukar mykje tid på dugnadsarbeid i lokalmiljøet. Til dømes så har han leia den velkjende Handballfestivalen på Stord i over 20 år.

 

Handballfestival

PRIMUS MOTOR:  Kjartan Grov poserer framfor cup-området for Handballfestivalen på Stord. Foto: Handballfestivalen.

– Handballfestivalen er eit gigantisk dugnadsløft for heile Stord-samfunnet. Her er det mange som er med å bidrar – til dømes Sparebanken Vest. Dei siste par åra har vi fått 400 000 kroner til arrangementet frå Sparebankstiftelsens Ildsjelfond, seier han. 


Han er også engasjert i turngruppa i Stord Idrettslag, og er leiar i Stord teaterlag, der dottera er med. Teateret har fått 63 500 kroner frå Sparebankstiftelsen. 


– Det er viktig for meg at barn og unge skal få halde på med idrett og kultur og kjenne glede over fellesskap og meistring med det dei held på med. Eg kan ikkje tenke meg noko som er meir verdifullt å bruke tid på, seier han.


– Det kjennes godt at banken min tenker det same som meg, legg han til.


 Kasseraren brukar bedriftsappen  

Som kasserar i idrettslaget og teaterlaget, er bedriftsappen til Sparebanken Vest også flittig i bruk.

 

– Det er heilt genialt at eg kan blande dei ulike rollene mine på ein oversiktleg måte i bedriftsappen. Tidlegare var det litt eit styr å skulle bakse mellom kontoane, men no er det mykje meir ryddig, seier Kjartan.

Dette kan du gjere i mobilbanken

✓ Få oversikt over kontoar og kontorørsler til bedrifta.

✓ Betale rekningar, godkjenne betalingar og overføre pengar.

✓ Betale til utlandet.

✓ Lage faste oppdrag og betalingar.

✓ Få oversikt over kort og bestille kort.

✓ Sjå fond og aksjar.

✓ Sjå lån, forsikringar, leasingavtalar og meir.


✓ Logg inn med ansiktsgodkjenning eller fingeravtrykk.

 

Personlig rådgiver

Kontakt oss

ringellerchat

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man - søn 07-23

radgiver

Snakk med oss

Hos oss kan du være trygg på at du får rådene og hjelpen du trenger.

Avtal møte
FinnDittlokolkontor

Finn ditt lokalkontor

Vi er størst på Vestlandet. Se hvor du finner ditt nærmeste kontor.

Finn ditt kontor