
Millionsatsing til Nordic Circles frå Forskingsrådet
– Dette er eit gjennombrot for sirkulærøkonomien, for Vestlandet og for byggenæringa i Noreg! Det seier Siren Sundland som gratulerer Nordic Circles med millionsatsinga frå Forskingsrådet
Agenda Vestlandet-støtta Nordic Circles er no inne i Forskningsrådet si «Grøn plattform»-ordning med nær 73 millionar kroner!
Nordic Circles er ei banebrytande vestnorsk bedrift som lagar industrielle byggemateriale av maritimt metall frå avdanka skip og oljeplattformer. I staden for å smelte om stål til spiker i Kina, vert høgkvalitetsstål gjort om til nye konstruksjonar til bygg som vil gje langt betre CO2 fotavtrykk.
Eit gjennombrot for sirkulærøkonomien
— Dette er eit gjennombrot for sirkulærøkonomien, for Vestlandet og for byggenæringa i Noreg! Nærmare fem års systematisk arbeid ligg bak dette prosjektet, der Nordic Circles har gjort ein heilt uvurderleg jobb med å samle svært ulike fagmiljø og aktørar om å skape ei ny, sirkulær verdikjede. Det seier styreleiar for Agenda Vestlandet, Siren Sundland.
Byggebransjen er ein versting
Byggebransjen står for 40 prosent av dei samla CO2-utsleppa i verda, og ved sidan av energibruk er bruk av material, og då særskilt stål, verstingen. Over 90 prosent av alle skip og flytande plattformer endar opp i Asia, der vert materialet smelta om under forferdelege arbeidstilhøve, og mange miljøgifter renn ut i havet. Dette krev mykje meir energi, og er mykje meir skadeleg for miljøet enn om ein brukar stålet på nytt.
Fødselshjelp frå Agenda Vestlandet
Agenda Vestlandet var fødselshjelpar for prosjektet med 20 MNOK kronar i støtte. Det er den største enkelttildelinga Agenda Vestlandet har gjort.
— Agenda Vestlandet skal vere ei drivkraft i det grøne skiftet, og kan spele ei avgjerande rolle i prosjekt der alle ventar på alle. Difor er det svært gledeleg å sjå at Forskingsrådet satsar tungt for å løfte Nordic Circles vidare, seier Sundland.