Bli kunde
artikkel-oppgraderingslan

Få grønt oppgraderingslån på bustaden din

Eit dårleg isolert hus kan koste deg dyrt. Gjer heimen din meir energivennleg og billegare å varme opp med desse grepa.
I Sparebanken Vest kan du få inntil 500 000 kroner i lån med renterabatt på eitt prosentpoeng dersom bustaden din går opp to energikarakterar.

– Mange bur i eldre hus og treng å få løfta energieffektiviteten. Med nokre energivennlege grep, kan ein totalt sett få ein betre økonomi. Det ønskjer vi å hjelpe kundane våre med, fortel Carl Oscar Olsen, banksjef i Sparebanken Vest avdeling Åsane. 

Eigedommar står årleg for store CO2-utlsepp. Jo meir energieffektive dei blir, jo betre er det for kundane. Ved oppgradering vil verdien på bustaden auke og eigarane vil bruke mindre kostnader på oppvarming. 

Mange etterspør grøne låneinsentiv

Kraftprisane i Noreg er historisk høge, og mykje tyder på at dei høge straumprisane vil fortsetje ut året, ifølgje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). 

I lys av dyre straumrekningar, er det svært mange som ønskjer å oppgradera bustaden sin. Fram til no har dei måtte refinansiert bustaden sin på vanleg grunnlag. Sparebanken Vest håpar at eit grønt oppgraderingslån vil gjere det lettare for kundane å ta neste steg i grønare retning. 

– No treng dei ikkje å lura på om dei skal fornya vindauga eller etterisolere. I Sparebanken Vest gjer vi kundane ein høg lånesum med betydeleg låg renterabatt, seier Olsen. 

Slik energimerker du bustaden 

Veit du kva slags energimerke bustaden din har? Med energimerking får du vite kor energieffektiv bustaden din er, og få tips til kva du kan gjere for å spare energi. 
–  Først går du inn på Energimerking.no for å energimerke bustaden din. Dersom den er omsett eller blitt selt dei siste åra, er den allereie energimerkt. Ta deretter kontakt med oss i banken for å søkje grønt oppgraderingslån. Prosessen skal vere like enkel som det er å refinansiere eit bustadlån, lovar banksjefen.  

Du kan energimerke bustaden din på på energimerking.no


Seks enkle energitiltak: Kva kan du gjere? 

I Noreg nyttar dei fleste elektrisitet til å varme opp bustaden. Rekordhøge straumrekningar har difor skapt utfordringar for mange. Er huset ditt ein straumslukar og vil du gjerne noko med det same? 

Med desse seks energisparande grepa frå Enova kan du enkelt kutte kostnadane på framtidige straumrekningar:

  1. Senk temperaturen
    For kvar grad du senkar temperaturen inne, kan du redusere energibruken til romoppvarming med cirka fem prosent.

  2. Automatisk temperaturstyring.
    Eit godt varmestyringssystem kan redusera energibruken til oppvarming med 20 prosent. 

  3. Monter tettelister.
    Lekk vindauga luft? Før eit stearinlys rundt i rommet for å sjå kor flammen blafrar. Der det blafrar er det trekk. 

  4. Spar på varmtvatnet.
    Avgrens energiforbruket til oppvarming av vatn. Det enklaste er å byte til sparedusj og montere sparedyser på krana. 

  5. Etterisoler bustaden.
    Fyrer du for kråka? Utilstrekkeleg isolering gjer kaldt golv og veggar, samt luftlekkasjar rundt vindauge, dører, langs golvet, og mellom vegg, golv og tak. 

  6. Byt oppvarming.
    Varmepumper kan vere eit klimavennleg alternativ til elektrisk oppvarming. Det kan også vera lurt å installera vedomn eller pelletsomn. 

Personlig rådgiver

Kontakt oss

ringellerchat

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man - søn 07-23

radgiver

Snakk med oss

Hos oss kan du være trygg på at du får rådene og hjelpen du trenger.

FinnDittlokolkontor

Finn ditt lokalkontor

Vi er størst på Vestlandet. Se hvor du finner ditt nærmeste kontor.