Bli kunde
Jan-Tore Smith er banksjef ved sentrumskontoret til Sparebanken Vest

Urolege tider

Fleire spør om avdragsfriheit på lånet

Straumen er dyr, maten er dyr og renta aukar. Mange er bekymra for kva vinteren vil bringe og spør banken om å pause avdraget på bustadlånet. Banksjef Jan-Tore Smith har eit betre forslag.

Sidan juni har Norges Banks rentehopp vore både større og hyppigare enn vi har sett på lang tid. Målet er å stanse den høge inflasjonen og det aukande prisnivået, men samstundes stig jo også renta på bustadlåna til vestlendingane. 

Kundar vil utsette betalingar og avdrag 

No ser ein del at dei er nøydde til å gjere tiltak for å få økonomien til å gå rundt. Det merker kundesenteret og rådgivarane ved Sparebanken Vest sitt kontor i Bergen – talet på førespurnadar om betalingsutsettingar og utsetting av avdrag på bustadlån aukar. 

– Det er nok fleire som ser at det å berre justere på forbruket ikkje er nok. For dei kan avdragsfriheit vere ei løysing, og uansett er vi veldig glade for at kundar tar kontakt med oss for å få gode råd om økonomien sin i god tid før det går galt. Då er det lettare for oss å hjelpe, seier Jan-Tore Smith, banksjef for Bergenskontoret til Sparebanken Vest.

Det er viktig å ha ein plan

Avdragsfriheit vil seie at du berre betalar renter og kostnadar på lånet ditt, og ikkje avdrag. Du utset nedbetalinga av sjølve lånet, og slik frigjer du kapital for ein periode.


– Det kan vere naudsynt å sleppe å betale avdrag dersom du har dårlegare råd i ein avgrensa periode. Til dømes om du har kjøpt ny bustad og må betene to bustadlån for ei stund, eller du står utan inntekt i ein periode, seier Smith.


For mange er dei økonomiske utfordringane meir langvarige enn som så. Då er det viktig å ha ein plan, ifølgje banksjefen:


– Gå først gjennom forbruket ditt og sjå kor du kan gjere mellombelse eller varige reduksjonar. Om du får innvilga avdragsfriheit for ein periode, er det lurt å sette noko av det du «sparar» til side. Slik kan du byggje ein buffer til neste gong det kjem ein større utgift eller inntektsbortfall.


Utset eit problem

Sjølv om avdragsfriheit gir deg meir å rutte med der og då, så kan du risikere at du berre utset eit problem, fortset Smith. Han føreslår ei alternativ løysing:

–  Snakk med rådgivaren din om du kan få lengre nedbetalingstid på lånet ditt. Slik vil det månadlege avdragsbeløpet bli mindre enn det du har i dag. For mange er dét eit betre alternativ enn avdragsfriheit, gitt at ein har moglegheit til å betale noko i avdrag.

Marthe S. Berg-Olsen

Publisert 1. nov. 2022

Personlig rådgiver

Kontakt oss

ringellerchat

Ring eller chat

Tlf 915 05555. Man - søn 07-23

radgiver

Snakk med oss

Hos oss kan du være trygg på at du får rådene og hjelpen du trenger.

FinnDittlokolkontor

Finn ditt lokalkontor

Vi er størst på Vestlandet. Se hvor du finner ditt nærmeste kontor.