Hopp til hovedinnholdet
unge leiarar

leiartrening for sogn og fjordane

Unge leiarar

Er du ein leiar eller ønskjer å bli det i framtida? Bur og jobbar du i Sogn og Fjordane? Då er Unge leiarar midt i blinken for deg!

OBS! Søknadsfristen er passert, og søknadsportalen er no stengd.


For fremtidas leiarar

«Unge leiarar» er eit leiartreningsprogram for deg som bur og jobbar i Sogn og Fjordane. Programmet er ein arena der du får høve til å vekse som leiar.

Målet er at du skal tileigne deg kompetanse som vil styrke deg i ditt leiarskap og gje deg eit nettverk av ressurspersonar i regionen. Vi legg til rette for at du får utvikle tryggheit og ei auka forståing av leiarrolla. Samlingane vert leia av profesjonelle fasilitatorar og ha fagleg tema med leiarar og ressurspersonar frå større verksemder som vil dele erfaringar frå å vere leiar i ein meir kompleks kontekst.


Kven er vi på jakt etter?

Du er ein person mellom 25-40 år som bur og jobbar i Sogn og Fjordane. Du jobbar som leiar i dag, eller har eit ønskje om å gjere det i framtida. Du er ein sosial person som ønskjer å utvikle deg fagleg og få eit større nettverk både sosialt og fagleg.

 

Du vil også få praktisk trening i korleis du får gjennomslag for det du brenn for, og du blir med i eit nettverk med andre leiarar i Sogn og Fjordane.

-

Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet

Dette får du som deltakar

  • Fagleg påfyll frå ekspertar i leiarfaget
  • Trening på leiarrolla
  • Nettverk med andre leiarar
  • Sosiale- og kulturelle opplevingar
  • Innblikk i politisk og byråkratisk makt og avgjersle
  • Samlingar i både inn- og utland

Praktisk info

Det blir opptil 35 deltakarar på programmet.

Programmet går over tre år, med to til tre årlege samlingar. Kvar samling vil vare i minst to dagar. Samlingane i utlandet vil ha lengre varigheit. 

Sjølve programmet er gratis, men reise og opphald må deltakaren dekkje sjølv. 

Søknadsfristen er 8. desember. Alle vil få svar på sin søknad innan 21. desember.

Oversikt over samlingane i 2024:

1. samling: 5.-6. februar i Bergen under Vestlandskonferansen
2. samling: 23.-25. april på Finse
3. samling: 24. -26. september i Oslo

 

Dette seier tidlegare deltakarar: 

Frank Robert Klakegg, dagleg leiar Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Unge leiarar er eit av dei beste leiarprogramma eg har vore med på! Kvaliteten på samlingane var veldig høg. Sparebanken Vest var raus med å by på eigen organisasjon og legge til rette for at samlingane hadde god kvalitet. Nettverket vi blei ein del av var heilt unikt og har vore uvurderleg i mange år etter samlingane. Det var mange kompetente folk på tvers av ulike bransjar som deltok, og alle prioriterte å delta på samlingane på grunn av det gode utbyte samlingane gav oss.

Nandor Helgheim, administrerande direktør (CEO) Enivest

Er du så heldig at du er blitt invitert til programmet Unge leiarar – ta i mot plassen. Gjennom programmet fekk eg tilgang til eit fint spekter av fagleg påfyll og kompetanse, samt god erfaringsdeling med andre dyktige leiarar. I tillegg fekk eg utvida mitt nettverk både fagleg og sosialt. Dette har gjeve meg kunnskap som eg har tatt med meg i rolla som leiar for Enivest.

Christina Kvamme, dagleg leiar  i Xform eigedom

Det var eit kjempebra opplegg. Fin balanse av sosialt og fagleg input, og ein god arena til å reflektere over leiarskap.

Astrid Marie Vie

Har du spørsmål?

For meir informasjon om leiartreningsprogrammet kan du kontakte prosjektleiar i Sunnfjord Utvikling, Astrid Marie Vie.