
Verdas første utstilling av kaldtvasskorallar
Det seier prosjektleiar Anne Breiby ved Atlanterhavsparken.
Det er nemleg ikkje berre lett å få desse planteliknande dyra til å trivast og leve i eit akvarium, og etter det Atlanterhavsparken kjenner til er det ingen andre akvarium i verda som har ei skikkeleg utstilling av korallar og korallrev frå kalde farvatn.
– Vi kjenner ikkje til nokon akvarium i verda som har ei slik utstilling. Det gjer det enda viktigare å få til ei god visning og eit godt formidlingsopplegg her ved Atlanterhavsparken, seier dagleg leiar i Atlanterhavsparken, Tore Erik Standal.
115 norske artar korall
Ein har oppdaga over 115 ulike artar korall i norske farvatn til no, men dei færraste kjenner særleg til dyra eller til kva rolle dei spelar for livet i havet. Difor har Atlanterhavsparken fått støtte frå Agenda Vestlandet til å bygge opp ei eiga avdeling der det både kan forskast på korallar og rev, og der ein kan vise fram og drive formidling.– Det vi ikkje veit noko om, kan vi ikkje ta omsyn til. For å kunne ta vare på havet er det difor svært viktig at vi både finn ut meir og formidlar meir om dette spennande og viktige dyret.
Det seier Frode Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.

Godt utgangspunkt ved Breisundet
Atlanterhavsparken ligg rett ved Breisundet der akvariet pumpar opp store mengder ufiltrert vatn. Dette vil ein dra nytte av når ein forsøker å etablere den permanente utstillinga av kaldtvasskorallar og korallrev. Atlanterhavsparken har etablert samarbeid med forskingsinstitusjonar som Havforskningsinstituttet, Møreforskning og Runde Miljøsenter for å få det til.
– Utgangspunktet er veldig godt, sidan vi finn kaldtvasskorallar naturleg i Breisundet, seier Breiby.
Målet med å etablere utstillinga er å auke kunnskapen hos publikum om dei ulike artene korallar og korallrev og kva dei har å seie for havområda.
– Korallane er ein viktig del av undervassnaturen, som vi håpar å kunne vise dei til eit nasjonalt og internasjonalt publikum, seier Standal.

Har du spørsmål om Agenda Vestlandet?
Vi hjelper deg frå ide til handling. Ta kontakt med dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad på epost eller telefon.
Agenda vestlandet