Bli kunde
Kenneth Bruvik frå Framtidshavet

Kysten vår

Rydda heile Hardanger-fjorden på berre ein dag

Verdas største ryddeaksjon gjekk av stabelen i Hardangerfjorden. Mellom 3 og 4.000 menneske i over 150 ulike aksjonar rydda langs den 183 kilometer lange fjorden. 

Målet med prosjektet har vore å få plass ein modell for korleis ein kan rydde fjordar i Noreg og globalt.

Mobiliserte heile samfunnet

– Vi har med oss mellom 70-100 båtar, 11 oppdrettsselskap, mange i frå næringslivet, frå akademia, direktorat og universitet, seier Kenneth Bruvik i Framtidshavet, initiativtakar bak aksjonen.

– Det gjer at vi har mogelegheit til å finne løysingane i lag, slik at vi kan stoppe plasten frå å nå ut i naturen, fortsett Bruvik. 

Alt i frå born barnehagar, elevar på barneskular og vidaregåande skuler, bedrifter ryddar plast og marin forsøpling frå strender.
- Forde Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet

 

Fekk støtte av Agenda Vestlandet

Agenda Vestlandet støttar prosjektet med 500.000 kronar. Eit av dei to satsingsområda for Agenda Vestlandet, Kysten vår, handlar om korleis vi tek vare på naturen her på Vestlandet. Rydding av plast er ein av hovudsatsingane i programmet. 

– Funnet av plastkvalen på Sotra i 2017 gjorde at problemet var ut allmenn kjent. Bruken av plast er framleis aukande, difor er slike folkelege mobiliseringar viktige for å få bukt med problemet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.

Du kan følgje prosjektet på Rein Hardangerfjord. Og alle ryddeaksjonane vert meldt inn i det nasjonale ryddeportalen, RYDDE.
Framtidshavet har med dette prosjektet vist korleis ein kan skape ein bevegelse som engasjerer heile samfunnet. Det er nøkkelen for å lukkast.
- Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet

 

Ein modell andre kan læra av

- Eg er import over den enorme mobiliseringa Framtidshavet har fått til saman med regionråda i Hardanger og Sunnhordland og kommunane langs fjorden, seier Frode Nergaard Fjeldstad.

– Framtidshavet har med dette prosjektet vist korleis ein kan skape ein bevegelse som engasjerer heile samfunnet. Det er nøkkelen for å lukkast med å løyse plastproblemet, avsluttar Nergaard Fjeldstad. 

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia