
vestlandet 2.0
Skal gje små og mellomstore bedrifter unike sjansar
Sustainable Energy tilbyr i dag testfasilitetar for nye, berekraftige energiløysingar til norske bedrifter. Når store bedrifter testar nye produkt på katapultsenteret oppstår gjerne problem som må løysast.
Nye forretningsmoglegheiter
Desse problema kan bli nye forretningsmoglegheiter for små og mellomstore bedrifter. Gjennom testing blir det ofte avdekte moglegheiter og behov for nye eller betre produkt.
– No skal små og mellomstore bedrifter, som kan vere aktuelle for å utvikla desse spin-off-produkta, få konsepta servert på gullfat frå Sustainable Energy, seier dagleg leiar i Sustainable Energy, Willie Wågen.
Fekk støtte av Agenda Vestlandet
– Vi er heilt avhengig av å få med oss bedriftene langs kysten på den grøne omstillinga. Sustainable Energy har vist konkret korleis ein kan få fleire bedrifter involvert i det grøne skiftet, seier Margunn Minne, styremedlem i Agenda Vestlandet og regiondirektør i bedriftsmarknad Hordaland i Sparebanken Vest.
Gjennom Agenda Vestlandet har Sustainable Energy fått tre millionar kroner over to år til å etablera og drifta det nye konseptet.
Tilgang til fremtidas energiteknologi
– Testverksemda gir oss unik tilgang til utfordringar og moglegheiter i framtidas energiteknologi. Når testinga avdekker utfordringar eller manglar, kan me utfordra bedrifter på å gjera løysinga meir konkurransedyktig, enten kommersielt eller med betre teknisk løysing, eier dagleg leiar i Sustainable Energy, Willie Wågen.
Mange små og mellomstore bedrifter sit på mykje kompetanse, og gjennom det nye konseptet vil dei få høve til å konkurrera om beste løysing. Konseptet vil ha stor betydning for norsk næringsliv si evne til å få etablert seg i det grøne skiftet, og sikra framtidige arbeidsplassar.
Opnar for breiare deltaking
– Når me identifiserer moglegheiter for å forbetra eksisterande løysingar eller heilt nye moglegheiter knytt til berekraftig energi, er målet å opna for deltaking frå eit mykje breiare spekter av bedrifter seier Wågen.
Han påpeiker at små og mellomstore bedrifter også har begrensa moglegheit til å driva med forretningsutvikling for å finna nye sjansar og marknader.
– Spesielt er dette krevjande for dei minste bedriftene.
Om Sustainable Energy
Sustainable Energy blei etablert i 2018 og fekk då status som eit av fem norske katapultsentre. Senteret satsar på framtidas drivstoff i maritim sektor, flytande havvind og smarte energisystem.
Agenda vestlandet