Bli kunde
Future proof Agenda Vestlandet

FUTURE PROOF får to millionar frå Agenda Vestlandet

FUTURE PROOF skal hjelpe næringslivet på Vestlandet å etterleve sitt ansvar for menneskerettane. – No må alle bedrifter jobbe med menneskerettane, seier Margunn Minne, styremedlem i Agenda Vestlandet og konsernsjef for BM Sør i Sparebanken Vest.

På vegne av Agenda Vestlandet delte Minne ut 2 millionar kroner til FUTURE PROOF-prosjektet i regi av Raftostiftelsen.

Må kunne dokumentere i heile verdikjeda

Stortinget har nettopp vedteken ein openheitslov der bedriftene må kunne dokumentere korleis dei handterer grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. 

– Lova skal sikra openheit i heile leverandørkjeda, og det kan vere krevjande å følgje med på for mange små og mellomstore bedrifter, nettopp difor treng vi initiativ som FUTURE PROOF som framskundar prosessen, seier Minne.

– Det handlar om å vere i forkant, påpeiker ho.

Arbeidet med menneskerettane vert stadig viktigare i næringslivet.
- Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen


– Raftostiftelsen er svært takksam for at Sparebanken Vest vert med i FUTURE-PROOF, og at Agenda Vestlandet går inn med viktig støtte til denne satsinga. Arbeidet med menneskerettane vert stadig viktigare i næringslivet, og gjennom FUTURE-PROOF skal vi bidra til dette, seier Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen.

Sparebanken Vest signerer FUTURE PROOF-plakaten

 Sparebanken Vest har arbeidd systematisk med berekraft over fleire år, ved å signere FUTURE-PROOF-plaktaten forpliktar vi banken til å jobbe meir systematisk med menneskerettane i vår eigen verdikjede, seier Minne. 

Agenda vestlandet

Våre initiativ

vestlandsmeldingen ikon

Vestlandsmeldinga

Trendar, utfordringar og tiltak som Vestlandet skal komma i møte

Vestlandsindeksen ikon

Vestlandsindeksen

Ein kvartalsvis temperaturmålar av næringslivet på Vestlandet

Vestlandskonferansen ikon

Vestlandskonferansen

Vestlandets viktigaste møteplass for næringsliv, politikk og akademia