Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt - men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idear.
Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd Visjon Vest har sett av 3 millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidear i ein tidlig prosjektfase.
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane handsamar søknader. Styret i stiftinga tildeler midlar etter innstilling frå Kunnskaparken. Styret har møte ein gang pr kvartal. Søknadsfrist for å komme til vurdering i eit styremøte er tre veker før møtedato.
Tildeling kan vera inntil kr 300 000 per prosjekt.. Det er mulig å få tildeling fleire gonger. Utdeling kan gjerast i fleire omgangar. Dette for eventuelt å sjå til at midlar vert nytta i tråd med søknad. For søkjarar som får støtte med atterhald om flytting til Sogn og Fjordane, kan det verte stilt vilkår til utbetaling eller krav om eventuell tilbakebetaling om ikkje flytting vert gjennomført. Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane Kontaktperson: Jøril Hovland Tlf: 48 21 97 80 e-post: joeril@kpsf.no http://www.kunnskapsparken-sf.no/